Fristadsenteret AS Åmot sentrum  3890 Vinje  Tlf: 35 07 11 00  Epost: varehussjef.vinje(at)elkjop.no
Velkomen til Vest-Telemarks største kaupesenter!

 

Fristadsenteret i Åmot i Vinje er no større og betre enn nokon gong. Med over 7000m2 å boltre seg på for våre besøkjande og fleire nye spanande butikkar, har me fått eit bygdekaupesenter med særpreg.

Her møtest fastbuande og besøkjande frå heile regionen, og me gjer det me kan for at alle skal verta nøgde,- velkomen skal du vera!

 

I dag finn du desse butikkane i senteret:

 

Elkjøp Stormarked Vinje

Tel: 35 07 11 00

Epost: varehussjef.vinje@elkjop.no

Vest-Telemarks største elektrobutikk!

Kvitevarer, småelektrisk, lyd & bilete, data og telefonar. Me har stort utval av merkjevarer til noregs lågaste butikkprisar. Hugs at på Elkjøp har du alltid prisgaranti og 30 dagars full returrett (gjeld ikkje abonement og mobiltlf). No til jol har me utvida denne til 60 dagar!

I butikken har me pc-klinikk med eigne teknikkarar og servicemottak for all heime-elektronikk (heimeservice på kvitevarer går via Rauland Elektriske 41 33 32 75).

Me leverar og monterar etter avtale i heile Vest-Telemark og øvre delar av Setesdalen. Parabolmontøren vår er alltid klar!

Be oss om råd og pristilbod uansett storleik på prosjektet,- det løner seg!

 

Jernia Vinje

Tel: 35 07 11 00

Epost: jernia.vinje@gmail.com

Vinjes største krambu! - Klassisk Jerniabutikk med det du har bruk for. I tillegg til verktøy, el.verktøy, festemiddel og reidskap til hus og hage, har me stor avdeling for kjøkkenutstyr, måling og arbeidsklede/verneutstyr. Grasklypparar og snofresarar.

Nykelsliping og ombygging av gamle sylindrar til likelåssystem.

Me er her for å hjelpe deg med det du treng til hus, hytte og hage.

 

Sport1 Vinje

Tel: 35 07 11 00

Epost: fristadsenteret@sport1.no

Ekte sportsbutikk! Me hjelper deg me utstyr og klede til fantastiske turopplevingar og knallharde konkurransar. Me klargjer stort sett skipakka eller sykkelen medan du ventar.

La deg inspirere av vår breidde innan ski, truger, sykkel, fisk, heimetrening og turutstyr.

Bikkjemat frå ProPlan er alltid på lager, saman med ein del utstyr til vår beste ven.

Dei seiste åra har mange fått augo opp for kano og kajakk,- me hjelper gjerne til!

Skal du kaupe inn til lag, klubb eller gruppe og ynskjer råd og/eller pristilbod,- spør oss.

Uansett,- velkomen!

 

Vinmonopolet Vinje

Tel: 04560

Opningstider: Tys-tors 11-16.00, fredag 11-18.00, laurdag 10-15.00

 

Hemsen AS

Tel: 35 07 12 33

Klede for heile familien. Stort utval til kvardags og fest!

 

Rogn Belysning & Interiør Vinje

Tel: 35 07 22 03

Må sjåast! Ei av Noregs mest spanande lampebutikkar er i Åmot. Butikken tilbyr også interiør og møblar. Dette er verkeleg butikken for deg som likar å ha det fint rundt deg,- heime, på hytta eller på kontoret. Rogn tilbyr òg konsulenttenester innan belysning og interiør. Velkomen!

 

b.young

Tel: 91 84 05 63 / 99 02 00 65

Den populære motebutikk-kjeda for bevisste damer frå 16 år og oppover...

Velkomen!

 

REMA1000

Tel: 35072890

Epost: vinje@rema.no

Opningstid: 08.00-21.00 (20.00)

Stor og oversiktleg butikk i kjent REMA-stil med fokus på "berre låge prisar". Eit svært populært tilskot på senteret!

 

Seljord Sparebank/Terra Forsikring

Tel: 35065711

Epost: lasse@seljordbanken.no

Bank og forsikring på ein stad! Gode råd og vilkår frå ein sterkt lokalforankra aktør. Minibanken er på plass!

 

Chriss

Tel: 97070816

Nyaste butikken på senteret!

Endeleg har me fått eit godt utval av helsekost og kosmetikk i Åmot. I tillegg har Chriss eit godt og variert utval av klede til han og henne.

 

Kva blir det neste...?

Utforming: kandesign